Sector Media AS  |  Kildals vei 17 A   |  0678  Oslo  | Tlf: 23 15 85 00
Skip Navigation Links.
Information in English Informationen in Deutsch
 Abonner (RSS)

    

Jernbana som ikkje kom

Planane om jernbane gjennom Bråtådalen i Skjåk er ikkje av ny dato. I St. prp. nr. 117 frå 1922 «Om anlegg av nye jernbaner» er traseen kalla Jernbanelinje Sogndal – Otta. I «Innstilling fra Jernbanekommisjonen av 1949 om ny jernbaneplan» er namnet endra til Voss – Vik – Jostedal – Otta, men ynskjet var framleis å knyta saman Bergen og Trondheim via eit tverrsamband. Det var óg ein alternativ trasé via Grotli og Stryn.

Tekst og foto: Lars Ole Ørjasæter

Om Jernbanelinje Sogndal – Otta heiter det at «Linjen utgår fra Sogndalsfjæren, gaar over Solvorn til Marifjæren og fortsætter langs hovedveien til Jostedalen og elven, som krydses ca. 3 km ovenfor Gaupne kirke; linjen stiger midlere stigning 23 ‰ paa østsiden av Jostedalen, indtil den ved Øisæter bøier ind i Sprangdalen, gjennembryter Sprangdalseggen med en 8 km lang tunnel og kommer så inn i Svartpytdalen, som gjennom Brotidalen danner utløp til Ottas dalføre, linjen falder her med 15 ‰ til Nordberget kirke, hvor dalbunden naaes, og gaar videre gjennem Skjaak, Lom og Vaage til Otta station.» Den nye jernbanelina vart rekna til 213,2 kilometer med ei reisetid på rundt sju timar – og ein billett på andre klasse var stipulert til 12,40 kroner. Det vart med planane.

Framleis toglaust...
Heller ikkje 27 år seinare fann ein det gagnleg å bygge jernbane mellom Otta og Vestlandet, og konklusjonen vart at «Jernbanekommisjonen finner ikke å kunne anbefale banen bygd.» Det same vart resultatet for Otta – Vaagemo – Lom som nå var vurdert som eige alternativ – til tross for at det vart slege fast at området var «uheldig stillet med hensyn til kommunikationsmidler.» Eit argument var at folketalet i bygdene var for lågt til at jernbane kunne løna seg, og ein annan grunn kan vera at Ottadalen Kommunale Billag – OKB – vart etablert 1. januar 1943.
   Jernbane var óg tema i Nordfjord der strekninga Otta – Grotli – Stryn – Måløy var den aktuelle. Nordfjord samferdselsnemnd vedtok i 1946 å senda «grunngjeven føreteljing til styresmaktene om at jarnvegen Otta – Stryn – Måløy vert teken med på den nye jarnvegsplanen som no er i emning.» For eiga rekning la formannen til at «Skulle det likevel syna seg at kravet om jarnbane frå Otta til Måløy ikkje rekk fram i fyrste omgang, då krev distriktet her å få kompensasjon i ein høveleg veg over Strynefjellet, trafikksikker heile året

Inga jernbane - og dampen på museum...
Det vart korkje jernbane eller damplokomotiv i Bråtådalen. Det siste damplokomotivet på Dovrebana – «Dovregubben» – tok den siste turen ein gong på byrjinga av 1960-talet. Deretter vart det museumsgjenstand på Jernbanemuseet på Hamar.
   Jernbanetraséen gjennom Syrtbyttdalen vart antakeleg stikka ein gong mellom 1915 og 1920, og merkstikk nummer 3385 vart funne i ei myr under ein fisketur rundt 1970. Sidan den gong har stikket lege «til tørk» før det no har funne sin rette plass i Bjørkås i Bråtå i Skjåk – vonaleg til glede for historieinteresserte bråtingar og andre.